Like nord for Stadt, i Kvalsvika på Sunnmøre, kan ein finne mykje rart om ein ser seg rundt. Ein kvalknokkel kan by på mange rare motiv. Sikkert ligge der i mange år, restar etter eit stort dyr som stranda her for tider tilbake. Dansande bølgjer mot stranda, men snøbygene ventande lenger der ute. Skyer med ei vårsol som sakte vende tilbake. Og ei kråke, skarp i blikket, og alltid ertande mot ørn og anna firbeint.
Alle skal seie sitt i mange saker. Par dagar etter nyttår var Jens på vitjing i Sogn. Her såg statsministeren øydeleggingane og lytta til rasoffer og redningsmenn. Her fikk han kome inn til Kari Nordeide, som flykta frå heimen då raset gjekk. Han møtte montørar frå Sognekraft som satt liv på spel og måtte flykte når trea piska i bakken rundt dei. Om sjukeaksjonisten Janne Endal Andersson som tok den lange vegen fra nordfjord og ville snakke med ein lyttande Jens om kor viktig det er å oppretthalde ein beredskap, ikkje minst i slike ektremtilhøve som i jula. Han møtte og representantar frå nokre av kommunana som blei råka i uveret. Her var det klar tale om kva som måtte gjerast for å betre beredskapen. Stoltenberg har travle dagar. Tv og radio skal ha sitt. Alt nøye fulgt av ein striks timeplan. Men det er også rom for humor på reisene sine. Og ein ferjetur med skikkelig svele høyrer med. Bildeserien er fra denne turen som Jens hadde i Sogn for under ei veke sidan.
Kanskje ein av noregs største samtidskunstnarar besøkte Flø i helga. Pushwagner, alias Terje Brofors åpna utstillinga si i Studio Hugo Opdal med fulle hus. Med ein karakteristisk, hengslete personligheit streva han seg gjennom storm og snøkave....men bilde måtte eg jo ha......
Berit traff hardt og brutalt med sine digre bølgjer. Men Berit var også noko heilt anna. Berit var spektakulert i lys og form. Berit var flott, heftig og til tider irriterande våt .....
Fotoprisen 2011: Fotojuryen er i år samansett av Fotograf Oddleiv Apneseth, Mediaklassen 2mka på Mo og Jølster vgs, og Medialærer Olav Øygard. Alle jurymedlemmane har samla seg om eit bilete.
Årets fotopris går til ein fotograf som på ein respektfull måte har skildra ein sentral del av den store tragedien som prega landet dette året. Bilete formidlar sorga på ein vakker, stemningsfull og og subjektiv måte. Bilete er henta frå gravferda til Hanne Kristine Fridtun som vart drepen på Utøya. Det er vanskeleg å gå utanom Utøya-tragedien i ein prisutdeling for 2011, men bilete er uavhengig av dette. Ein klår vinnar av fotoprisen 2011 er Øystein Torheim.